Problemstillinga i denne oppgåva er: I kva grad har terrorangrepa i perioden 1998-2011 vore retta mot ein stats hovudstad, og kva variablar forklarer hovudstadsangrep? Hovudhypotesen i oppgåva er at fleirtalet av angrepa er retta mot hovudstaden på grunn av at dei har ei rekkje funksjonar som gjer dei attraktive for terroristar. Ein tredjedel av statane i verda har opplevd fleirtalet av terrorangrepa i hovudstaden. Hovudstaden er spesielt utsett for angrep i statar som opplever lite terrorisme, og det er også ein del regionale skilnader. Statistikk viser også at angrep i hovudstadar i gjennomsnitt har vore meir dødelege enn aksjonar andre stader i perioden. Hovudhypotesen blir likevel avvist sidan berre 16,5 prosent av alle angrep har skjed...