Bakgrunnen for denne oppgåva er å kartleggje språklege endringar i den vesle vestlandskommunen Fitjar. Utgangspunktet for oppgåva var å kasta lys over endringar som skjer i dialekta, og vidare granske kvifor endringane skjer. Dialekttrekka som vert granska er differensiasjon og segmentering av konsonantsamband, dei palataliserte formene, omlydsverb og uttale av fonemet -r. Undersøkinga skjer gjennom ein blanda metode som tek omsyn til både kvalitative og kvantitative aspekt, på grunn av at eg søkjer å talfeste variantane som er i bruk men også å grunngje desse endringane mad bakgrunn i samfunnsendringar. For å finne ut av dette har eg intervjua ti informantar i tre aldersgrupper, altså 30 informantar til saman. Intervjuet er todelt der den...