Denne avhandlinga handlar om unge politisk aktive eksiltibetanarar og er basert på eit feltarbeid i byen McLeod Ganj i Nord-India våren 2008. Avhandlinga tek for seg korleis dei unge tibetanarane handterer den sterke vektlegginga av einskap i eksil og korleis deira sine meiningar om kampen for Tibet skil seg frå den tibetanske eksilregjeringa, Dalai Lama og resten av det tibetanske eksilsamfunnet. Fokuset i avhandlinga ligg på spenningane som oppstår mellom forventningane i det tibetanske lokalsamfunnet om å vere tibetanarar på ein viss måte, og dei unge politisk aktive eksiltibetanarane sine eigne forståingar av korleis dei ynskjer å leve liva sine.I avhandlinga mi argumenterer eg for at Dalai Lama, buddhismen, aktivitetane rundt tempelet ...