illustrator«No seer eg atter slike Fjøll og Dalar, / som deim eg i min fyrste Ungdom saag». Med slike linjer har Vinje skapa seg ein plass i norsk litteraturhistorie og i hjarta til dei mange som har sett pris på ordkunsten hans. Diktet som blir innleia med desse linjene, er mellom dei mange tekstane som blir undersøkte i denne boka. Aasmund Olavsson Vinje levde frå 1818 til 1870. Han blei fødd i Vinje i Telemark, men levde det meste av livet sitt i hovudstaden der han etablerte seg som diktar, journalist og redaktør. Etter kvart blei han ein pionér for det nynorske skriftspråket og synte publikum korleis dette kunne nyttast i diskusjonar og skildringar av alle slag, og med sine lyriske dikt kunne han røre lesarane sine på ein måte...