Vi står overfor vår tids største utfordring knytt til klimaforandringar og samfunnsutfordringane det fordrar. Etter tre år på NTNU og Institutt for sosialt arbeid, har klimautfordringane nesten ikkje blitt nemnt. Dette verkar rart ettersom sosialt arbeid er ein menneskerettsprofesjon, og det globale samfunnet står overfor ei utfordring som truar levegrunnlaget til heile menneskeheita. Eg ønska å finne ut om det fanst noko forsking og praksisar innanfor sosialt arbeid knytt opp mot til desse utfordringane, samtidig som eg ville sjå djupare på prosessane som ligg bak den situasjonen vi no er i. For å sjå på desse spørsmåla, har eg formulert følgande problemstilling: Korleis heng nyliberalisme, klimaforandringar og sosial ulikskap saman? - Og ...