Dei fleste av oss handlar og betaler hyppigare enn tidlegare. Vi gjer meir bruk av elektroniske betalingsmåtar og betaler sjeldnare med kontantar. Dette har vore ei utvikling som har gått over mange år. Noreg er eit av landa i verda med flest årlege kortbetalingar per innbyggjar. Dei seinaste tre-fire åra har mobiltelefonen i stor monn teke over for kontantane ved betalingar mellom privatpersonar. Spørjeundersøkingar syner at tre av fire betalingar mellom privatpersonar vert gjorde med mobiltelefonen, i hovudsak gjennom Vipps. Dei fleste av desse betalingane skjer som straksbetalingar direkte frå konto til konto, der mottakaren kan disponere midlane eit par sekund etter at betalinga har vorte send. Netthandelen har vakse svært raskt dei sei...