Boka inneheld artiklar utvikla frå føredrag på eit symposium ved Mitt-universitetet i Härnösand i september 2011. Forfattarane representerer religions-vitskap, arkeologi, folkloristikk og namnegransking, slik at boka fint viser den tverrfaglegheita som pregar dagens forsking på gammalnordisk religion og den store aktiviteten som har vakse fram på feltet dei siste par tiåra, ikkje minst i Sverige. Rett nok er ingen norrønfilolog med, nok fordi den tekstbaserte forskinga på gammalnordisk religion i Sverige er dominert av religionsvitarar, ulikt dei fleste andre land. Slik eg ser det, er dette ein styrke ved den svenske forskinga. Fleire av bidragsytarane brukar norrøne tekstar, på fullt kvalifisert vis. Stadnamn blir tekne opp i fleirtalet av...