Noregs Bank driv fleksibel inflasjonsstyring. Pengepolitikken forsøker då ikkje nødvendigvis å styre dagens inflasjon mot inflasjonsmålet, men å innrette pengepolitikken slik at prognosane for framtidig inflasjon går mot målet. Under fleksibel inflasjonsstyring vil sentralbanken ynskje å sjå bort frå forbigåande variasjonar i prisveksten. På eit gitt tidspunkt kan det vere krevjande å avgjere kva som er varige og kva som er mellombelse prisendringar. Indikatorar for underliggjande inflasjon kan vere til hjelp. Føremålet med indikatorane er å ha eit mål i sanntid på trendveksten i konsumprisindeksen (KPI). I denne artikkelen blir ulike indikatorar for underliggjande inflasjon evaluert empirisk. Konklusjonen er at ingen enkeltindikator er eit...