Kvar av oss brukte betalingskortet i gjennomsnitt 441 gonger i 2017, medan den gjennomsnittlege verdien av korttransaksjonane var 397 kroner. Det var på nytt sterk vekst i bruken av internasjonale betalingskort, etter at betalingar over internett og mobilbetalingar auka mykje. Det var ytterlegare nedgang i bruken av kontantinfrastruktur, som minibankar og kontantuttak ved varekjøp (cash-back). Utvalsundersøkingar frå Noregs Bank syner at kontantar no vert nytta i om lag kvar tiande betaling som privatpersonar gjer på utsalsstader og til andre privatpersonar. Frå og med statistikkåret 2017 vert det publisert tal for mobilbetalingar, Straksbetalingar og kontaktlause kortbetalingar.publishedVersio