Master's thesis in Structural engineeringDenne oppgåva omhandlar bruk av flatdekke som dekke-element i kaikonstruksjonar. Målet med oppgåva er å konstruere eit vekt-, tids-, og kostnadseffektivt alternativ til dagens kaidekkeelement. For å synleggjere eventuelle skilnader og moglegheita for å estimere vekt og materialinnsparing, er det gjennomført komplette berekningar for i hovudsak tre ulike dekkealternativ. - Slakkarmert Flatdekke - Spennarmert Flatdekke med Uinjisert Spennsystem - Spennarmert Flatdekke med Injisert Spennsystem Hovudsakleg skal ein vurdera skilnad mellom etteroppspent og slakkarmert flatdekke, men det er valt å vurdera to ulike spennsystema for å samanlikna eventuelle berekningsmessige skilnader. Kaien om...