Økonomiske analyser er tilgjengelige via www.ssb.noDei siste tiåra har det skjedd store endringar i luftureininga i Norge. Utsleppa av svovel, bly og andre tungmetall har gått dramatisk ned, utsleppa av klimagassar og NOx har vokse ufortrødent, medan andre utslepp har halde seg rimeleg stabile. I denne artikkelen drøfter vi kva som har vore drivkreftene bak utviklinga frå 1980 til 1996. Analysen viser at den økonomiske veksten åleine bidreg til ein auke i alle utsleppa på nesten 60 prosent. Men auka energieffektivitet og andre teknologiske framsteg har bremsa veksten, slik at ein samla sett har enda opp med ein reduksjon i nokon utslepp og med ein vekst som har vore langt svakare enn veksten i BNP for andre. For dei utsleppa som har g...