Både fenomenologisk filosofi og teoriar om praktisk kunnskapsrasjonalitet formulerer erkjenningar som løftar fram det livsverdslege som materialgrunnlag for valid kunnskap. Det som særkjenner livsverda er det temporære, subjektive, fleirtydige og historisk situerte. Difor må, i følgje Edmund Husserl, ingen førpredikative premiss stå som kunnskapens udiskutable grunn. Han oppfordrar oss til å stille spørsmål ved tradisjonar som er så integrerte i kulturen at vi oppfattar dei som opphavelege. I ein pedagogisk samanheng er det aktuelt å undersøke om den sterke representasjonen av teoretisk pensum i grunnskulen er etablert i oss som eit dogme vi ikkje stiller spørsmål ved. For når vi spør kva elevgrupper som lir mest under situasjonen, er det t...